Status 24.11.2018

Vi har no nådd avskytingsmålet på 80 dyr for 2018. Fortsatt har vi etterslep på 3 dyr sidan 2015. Dette er ein av fordelane med å vere storvald med 5års plan.

Per dags dato har vi 22 løyver ute. Dei siste 3åra har det vore skote 6-7 dyr i desember.
Skulstad, Bjørlykke, Fanneløp, Fagerli og STore Slyngstad har alle fått utdelt maksimalt antall tilleggsdyr.

85løyver per år er nok ei meir fornuftig linje å legge oss på i framtidige driftsplaner.

 

-Anders

Forvaltningsmål for hjort Haram Kommune

180627_Forvaltningsmal_for_hjort_Haram_kommune

Viltnemnda har fått utarbeida ein plan for forvaltningsmåla i Haram kommune. Det er Norsk Hjortesenter på Svanøy som har gjort det meste. Vilnemnda vil oppmode valdleiarane til å ta opp plana med jaktrettshavarane i valda og eventuelt komme med merknadar innan 12. november.

Viltnemnda har gått gjennom den og har så langt følgjande merknadar:

  1. Få lagt inn oppdatert vårteljing – tildeling og felling.
  2. Aldersfordeling avskyting 2013 -2017, der skal vere 40,7 og ikkje 49,7.
  3. I avsnittet valdstruktur bør det flettes inn at vald med bestandsplan får støtte til drifta
  4. I avsnittet som heiter << Auka snittalderen i bestanden>>. Bør det forklarast at ved å auke reproduksjonsevna kan ein halde ein lavere vinterbestand og dermed minke skader på skog og eng.
  5. I avsnittet bestandsretta og grunneigarstyrt forvaltning av hjortebestandane står det at vald som står utanfor skal få same tildeling som der det er bestandsplan. Desse valda må få andelen ungkoller som skal fellast – som kalv fordi  etter forskrifta for retta avskyting har vi ikkje anledning til å tildele  fjorskoller. Dette må vi gjere for å nå måla om større uttak av kalv og ungdyr, og at dei som vel å stå utanfor bestandsplanane  ikkje skal forfordelast me vaksne dyr.
  6. I avsnittet om kunnskapsbasert forvaltning bør det vere pålegg om bruk av Sett hjort.
  7. Det bør vere nedfelt at det skal vere 3 årige  bestandsplanar i kommunen. Kommunen skal evaluere forvaltningsmåla på forhånd kvart 3 år. Kommunen og dei ulike bestandsplanområda må samordnast.

 

 

Nå på Facebook!

For å kunne sende push varsler om endringer på heimesida er det opprettet facebook gruppe.
Her kan det også deles bilder og historier.
Alle viktige dokument vil sjølvsagt fortsatt bli lagt på heimesida.

Søk opp: “Midtre Haram Storvald SA”, så vil styret kunne godkjenne din søknad om å bli med i gruppa.

Hjortetelling 2018

Totalt for heile kommunen vart det talt like over 1000dyr i første telling, 2.telling endte på 1277(!)

Os – Grøtt – Ertresvåg – Fanneløp – Skår:
1.telling: 96 (62 i 2017, 86 i 2016, 94 i 2015)
2.telling: 110 (56 i 2017, 110 i 2016, 103 i 2015)
Meir dyr enn normalt på Os og Skår.
Litt lavere enn normalen i Botnen, Ertresvåg og Fanneløp. I Ertresvågen stod dyra svært kompakt, lite spredning.

Tennfjord-Vadset-Slyngstad:
1.telling: 54 (45 i 2017, 64 i 2016, 59 i 2015)
2.telling: 76 (70 i 2017, 68 i 2016, 38 i 2015)
Tomt for dyr i Tennfjord, meir enn vanleg på Vadset, Eidsvik og Slyngstad.

Håvik-Remme-Helland:
1.telling: 53 (37 i 2017, 55 i 2016, 39 i 2015)
2.telling: 88 (56 i 2017, 74 i 2016, 47 i 2015)
Eit med orange nr.11 øyremerke, merka i 2002 i Samfjorden.
På den tida var ho truleg 2,5år gammal, så dette er ei kolle som har begynt å drage på åra.

Prøvetaking for skrantesjuke

Minner om møte om hjorteforvaltning ved dagleg leiar Johan Trygve Solheim på Ingebrigt Davik huset 05.04. kl.18.00.
I tillegg vil Mattilsynet holde eit innlegg om prøvetaking for skrantesjuke.

Til hausten skal det takast prøver av alle vaksne dyr som vert felt under jakta.

-Anders